NÅR DEN “RETTE” TEKSTEN ER RANG. TOLKINGA AV TILNAMNET TIL KONGSSONEN SIGURD RISE

Forfattaren diskuterer tilnamnet til sonen til Harald Hårfagre, Sigurd, som han hadde med samekvinna Snøfrid. I gammalislandsk er forma hrísi, ‘uekte son av fri kvinne avla i riset’. I gammalnorsk fall h framfor r i byrjinga av ord, og tilnamnet hadde forma risi, som er ei tvitydig form når vokallengde ikkje er markert, og kunne stå både for eldre hrísi og for risi, ‘rise/troll’. Forfattaren argumenterer for at tilnamnet tyder ‘rise/troll’, og at det kallar fram assosiasjonar til eit mytisk mønster og til Sigurds samiske bakgrunn. Denne tolkinga er støtta av omsetjinga av risi til gigas i den norske latinske krønika, Historia Norwegie, og av det faktum at islendingen Sturla Þórðarson i sin versjon av Landnámabók, valde forma risi. Forfattaren viser vidare korleis tilnamnet er behandla av utgjevarar av vitskaplege utgåver. I utgåver av islandsk tekst er forma hrísi sjølvsagt brukt. Det faktum at der finst ei norsk kjelde som seier at tilnamnet tyder ‘rise/troll’ er ikkje brukt til å problematisere meininga. I unormaliserte utgåver av norske handskrifter er forma risi sjølvsagt brukt, men i normaliserte tekstar har forma vorte endra til hrísi. I framtida må forma hrísi framleis brukast i utgåver av islandske handskrifter (bortsett frå Sturlubók) sidan dette er den einaste forma som finst i desse handskriftene, men ein kommentar som problematiserte tydinga, ville vere nyttig. I utgåver at norske handskrifter, må risi, vere den rette forma.

pdf_iconMundal Else. NÅR DEN “RETTE” TEKSTEN ER RANG. TOLKINGA AV TILNAMNET TIL KONGSSONEN SIGURD RISE